Vedlagde statistikk viser at Beiarelva i perioden 2015 til 2017 var den beste lakselva i Norge blant (større/store elvar).

Etter at Beiarelva i 2015 tok i bruk SNVF sin kvotemodell for laks er gytebestanden av holaks auka med 300 %. Beiarelva er den elva i Norge som har den klart største prosentvise utsettinga av mellom- og storlaks ca.90 %. Altaelva ca. 35 %. Om nokre år når tal laksesmolt som vandrar ut frå Beiarelva aukar, skulle dette gi eit berettinga håp om ein vesentleg auke i tilbakevandring av laks til Beiarelva. Dette vil ytterligare styrke Beiarelva sin posisjon som den beste lakseelva i Norge. Målsettinga for samarbeidet som SNVF har med Beiarelva SA er at Beiarelva i 2022 skal vere den mest attraktive lakseelva i Norge med tilbod til ulike grupper av sportsfiskarar.

Statistikken viser kor feilslått den norske forvaltninga av villaksen i elvefasen er: Personlege døgnkvotar for 2018 blir basert på historiske tal, det er ikkje noko begrensning på kor mange som kan fiske i elva for dette er det grunneigarane som bestemmer. Konsekvensen er at ein ikkje har kontroll på kor mange laks som ein avlivar for i sesongen.

Om Miljødirektoratet hadde innført SNVF sin kvotemodell med sesongkvote for heile elva på mellom- og storlaks så hadde ein kvart år hatt kontroll på at uttaket av gytelaks var i forhold til årleg tilbakevandring av laks frå havet. Eg har stor tru på at om få år så er SNVF sin kvotemodell for laks innført i dei fleste av lakseelvane i landet.



Statistikk om lakselvar 2015 - 2017